Nyheter | Kunnskap og erfaring er uvurderlig. Les om samarbeidene | Maintech

Tilstandskontrolldagen 2024

Skrevet av Maintech | 22.apr.2024 07:35:34

Kva var opplegget? 

Etter ei kort innleiande tale frå Cristian Livik, vart studentane delt inn i 4 grupper der dei gjekk på rundgang til kvar sitt selskap. Det vart satt av 30 minutt per stasjon, med pårekna god tid i mellom. Dette viste seg å vera nødvendig då stort sett alle føredrag sklei ut på tida grunna gode spørsmål frå studentane og utfyllande svar frå selskapa. 

Etter mange gode presentasjonar og like mange kaffipausar med snacks i kantina var det samling i kantina. Her vart det Kahoot, der nokon få heldige stakk av med godis og nokon veldig flotte nye Maintech-handlenett. Kahooten beviste at dei fleste hadde følgd godt med på føredraga. 

Til slutt vart det servert pizza og brus som både arrangørar og deltakarar såg ut til å sette pris på. 

Kvifor gjer me dette år etter år? 

Til tross for litt mindre studentdeltaking enn me skulle ynskja basert på tidlegare år viser engasjementet frå både studentane og selskapa som deltar at dette er interessant, nyttig og ikkje minst framtidsretta. Det faktum at retninga «drift- og vedlikehald» har auka fokus på tilstandsovervaking er ikkje tilfeldig. 

Tilstandskontrolldagen er ein arena der Maintech og nokre av våre gode venner i andre selskap, får vist kva tilstandskontroll kan bety, diverse problemstillingar rundt dette og ikkje minst kor interessant og nyttig det kan være for ein industri der ein ynskjer meir og meir kontroll på utstyrslevetid.  

Takk til: 

Marie, Ida Lise og Randi for å stille opp på relativt kort varsel. Når eine arrangøren gjekk på krykker var det kritisk med hjelp frå sida. 

Cristian Livik for opningstale. Håpar det vart ei god oppvarming til Maintech-konferansen. 

Viggo Pedersen for å sørge for at arrangementet skjer år etter år, og for å løfte retninga «drift- og vedlikehald» slik at Maintech og våre samarbeidspartnerar er sikra gode arbeidstakarar i framtida. 

SKF, Holger-Hartmann, Kongsberg Maritime og El-Watch. Det er dykk som står for innhaldet i dagen, og i år som tidlegare år har innhaldet vore av høg kvalitet og til glede for studentane. 

Elles var det Fredrik Forr og Jakob Midtun som var hovudarrangørar.